Lars Osa

Lars Osa

– bilete frå Aga.

I 1926 sto grendahuset Sagatun ferdig på Aga. Skippar Johannes L. Aga
gav midlar til oppføring av huset. Gåva hans var stor, og det vart pengar
til både flotte kjøreld, sylvauser og utsmykking. Agingane inviterte
kunstmålaren Lars Osa til eit utsmykkingsoppdrag, og i 1927 kom han til
bygda for å måla fleire bilete til grendahuset, mellom anna eit portrett av den rause gjevaren.
Lars Osa budde i Jostabburet i Agatunet medan han var på Aga. Han tok imot andre portrettoppdrag og han måla fleire motiv frå tunet. Han knytte band til agingane, særleg Jofolket, og kom attende for å måla på 30-talet. Han var og på vitjing hos Jofolket på Nyeslåtten etter at dei hadde flytt ut or tunet. Sonen hans, felespelaren Sigbjørn Bernhoft Osa, spela og i brudlaup for folket der.

Kunstgruppa i Agatunet har til sesongutstillinga 2019 samla mange av
Agabileta til Lars Osa. Utstillinga omfattar 14 verk, måla på slutten av 20-talet og inn på 30-talet. Tre av bileta er frå grendahuset Sagatun, medan dei andre er i privat eige i familiane som ein gong hadde Agatunet som heim.

Utstillinga står i «Grønestova» i Lensmannsstova i Agatunet frå 11.05.19 – 01.09.19.

Desse måleria har aldri tidlegare vore viste offentleg – velkomne til ei
flott oppleving!

OM KUNSTNAREN:
Lars Osa vart fødd i Ulvik 3. august 1860, men vaks opp i bygda Osa, der far hans kjøpte eit småbruk i 1865. Lars byrja tidleg å spele fele, dugeleg var han, og fela fylgde han livet ut. Som tjueåring, etter å ha møtt målarene Nils Bergslien og Axel Ender på ei reise, bestemte han seg for å satsa på målarkunsten. I 1881 gjekk han i lære hos Bergslien i Eidfjord, og same år reiste han til Kristiania for å verta elev på teikneskulen der. Frå 1882 til 1886 utdanna han seg på Kunstakademiet i København, og ved målarskulen til P.S. Krøyer.
Frå 1886 budde og jobba Osa i Kristiania. Han måla gjerne motiv frå folkemusikk og folkeliv, men han var òg inspirert av dei sosiale tendensmåleria frå 1880-talet. På 1890-talet gjorde han fleire reisar til Paris, men det var i Valle i Setesdalen han fann ho som vart kona hans, barnebokforfattaren Hermine Bernhoft. Osa hamna på kant med kunstlivet i hovoudstaden etter ein strid om tildeling av statens kunstnarstipend. Han busette seg i Kristiansand. Om somrane var han gjerne i Valle. Han måla mykje frå folkelivet i Setesdal – landskapsbilete, interiørbilete og portrett, m.a. av Ivar Aasen og Ola Mossafinn. Han arbeidde med utsmykking av fleire kyrkjer, mellom anna i heimtraktene – Granvin kyrkje og Ulvik kyrkje. Han hadde også restaureringsarbeid av fleire mellomalderkyrkjer.

I 1903 flytte Osa til Valle, og i 1917 slo han og kona seg ned på Voss.
Osa vart buande der til han døydde vinteren 1958. I 1954 gav han ut ein sjølvbiografi – Med pensel og feleboge. Ei minnestøtte
over han vart avduka i 1967 i Ulvik. Lars Osa var far til felespelaren Sigbjørn Bernhoft Osa og journalisten Theodor Bernhoft Osa, og farfar til skodespelaren Liv Bernhoft Osa.

 

(Kjelde: Norsk biografisk leksikon)

Kontakt

Besøksadresse: 5776 Nå
Postadresse: Museumsvegen 36, 5778 Utne


Tlf: 474 79 902
E-post: agatunet@hvm.museum.no

Nyhendebrev

Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om kva som skjer ved Hardanger og Voss museum!

Opningstider

6 .mai - 1. sept. 2019:
Kl 10 - 17 alle dagar


Ope for grupper og andre besøkande etter avtale heile året

X