Lagmannsstova

Riddarhall frå mellomalderen

Lagmannsstova er ein unik mellomalderbygning frå ca 1220. Bygget var bustad og representasjonhall for riddaren Sigurd Lagmann (ca. 1240-1303), er svært godt bevart. Dette er det aller eldste rettlokale me kjennar til i Noreg – her vart Bleiediplomet, den eldste fullstendige skildring av ein rettsak me har bevart her i landet, og blandt dei eldste mellomalderbreva me har generelt, underskrevet 23. mai 1293. Me oppbevarar ein kopi av brevet i Lagmannsstova.

Dette lokalet passar til dei heilt spesielle anledningane. Her vert det dekka på finaste vis, og atmosfæren er heilt spesiell.
Me kan dekka til maksimalt 45 personar.
Lagmannsstova har ikkje straum, og høver derfor mindre godt for arrangement når det er kaldt.

Lagmannsstovekjellaren.

Den nordre kjellaren i Lagmannsstova høver godt i kombinasjon med andre lokaler, til sidersmaking eller liknande. Her kan me og dekka til selskap. Kjellaren har hellelagte golv og kvitkalka vegger, små glugger i dei tjukke murane, og ein stemningsfull atmosfære. Kopien av gravsteinen til Sigurd Brynjulvsson står her.

Me kan dekke til kring 25 personar. Lokalet er uten strøm, og med begrensa naturleg lysinnslipp, og høver mindre godt for arrangement dei kaldare delane av året.

Kontakt

Besøksadresse: 5776 Nå

Postadresse: Museumsvegen 36, 5778 Utne

Tlf: 474 79 902
E-post: agatunet@hvm.museum.no

Opningstider

Ope for grupper og andre besøkande
etter avtale heile året

Sosiale media

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram

Contact

Visiting address: 5776 Nå
Postal address: Museumsvegen 36, Utne

Tel: +47 474 79 902
E-mail: agatunet@hvm.museum.no

Opening hours

May 6– Sept 1 2019:
10 AM–5 PM all days

Open for groups and other visitors by appointment throughout the year

Social media

Follow us on Facebook and Instagram

X