juli 2019

06jul(jul 6)12:1527(jul 27)13:15Solokonsertar med Jonas LaupsaMinikonsertar i juli

Les meir

Om arrangementet

I heile juli får du høve til å oppleva solokonserter med den unge, dyktige felespelaren Jonas Laupsa i Agatunet. Konsertane er inkluderte i billetten og finn stad i Lagmannsstova.

Det vert konsertar:

Fredagar: 12:15 og 13:15

Laurdagar: 12:15 og 13:15

Jonas kjem frå Folkedal i Granvin, byrja å spele fele når han var 7 år gamal. Han gjekk på musikkskulen i Granvin, med Knut Hamre og Johanna Mjeldheim som lærarar, har siden gått på musikklinja på Voss Gymnas og i lære hjå Leif Rygg, Steinar Rygg, Åse Teigland. Han har delteke på Vestlandskappleik, Hordamønstring, landskappleik og ulike kurs rundt i landet. Jonas har fleire gonger vunne klasse C hardingfele på kappleikar. Han har òg delteke aktivt i Hardanger junior- og seniorlag og spelt med dei på kappleikar. Jonas spelar òg på konsertar på Voss og i Hardanger, blandt anna saman med kvedaren Mari Holven, og Vossarebels. Han har motteke Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris i 2017 og Sparebankstiftinga Hardanger sitt kulturstipend.

Jonas Laupsa er ein talentfull og engasjert hardingfeleutøvar som me gler oss over at skal spela hjå oss i sommar!

NB! Jonas spelar og på Hardanger folkemuseum i juli – mandager og tysdagar klokka 12:00, 13:00 og 14:30, samt fredagar og laudagar i juli klokka 14:45 , og på Skredhaugen kvar sundag i juli – klokka 13:15, 14;15 og 15:15.

Tid

6 (Laurdag) 12:15 - 27 (Laurdag) 13:15

Stad

Agatunet

5776 Nå

Kontakt

Besøksadresse: 5776 Nå
Postadresse: Museumsvegen 36, 5778 Utne

Tlf: 474 79 902
E-post: agatunet@hvm.museum.no

Nyhendebrev

Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om kva som skjer ved Hardanger og Voss museum!

Opningstider

6 .mai - 1. sept. 2019:
Kl 10 - 17 alle dagar

Ope for grupper og andre besøkande etter avtale heile året

Contact

Visiting address: 5776 Nå
Postal address: Museumsvegen 36, Utne

Tel: +47 474 79 902
E-mail: agatunet@hvm.museum.no

Newsletter

Subscribe to our newsletter featuring news about our museum, exhibitions, activities and more

Opening hours

May 6– Sept 1 2019:
10 AM–5 PM all days

Open for groups and other visitors by appointment throughout the year

X