juni 2019

26jun18:3019:30Septer og tiggerstavMagnus Lagabøte, fransiskanarane og Landslova av 1274

Les meir

Om arrangementet

Vekomne til eit nytt og spanade føredrag om mellomalderhistoria vår!

Frå 1263 til han døydde i 1280 sat Magnus VI Håkonsson på den norske trona, og i 1274 gav han Landslova, det fyrste riksdekkjande lovverket i Noreg, og eit av dei fyrste som vart gjeve i Europa i det heile. For dette er han kalla Lagabøte – lovforbedraren. Dette lovverka forvalta og handheva vår eigen Sigurd Brynjulvsson på Aga, lagmannen og riddaren.

Landslova av 1274 var ikkje berre det fyrste felleslovverket me hadde, det var og eit lovverk som utmerka seg gjennom å mellom anna sikta på å avhjelpa fattigdomsproblemet i det norske riket og gje rettsvern til vanskelegstilte og trengande gruppar. Magnus Lagabøte førte aldri krig, han gav eit lovverk som verna dei svake, han bygga hospitaler, han styrka og utvikla statsforvaltningsapparatet, og han donerte store summar til dei fattige i testamentet sitt. Lovboka hans var meir utbreidd og nytta enn nokon anna lovbok før den franske revolusjon. Landslova fekk ei verkningshistorie på over 400 år. Norsk historieskriving har i fleire århundrer streva med å forstå motivasjonen til denne fredsæle, institusjonsbyggjande konge som skil seg så markant ut mellom dei andre kongene i den norske stormaktstida i høgmellomalderen. Kven var han?

Onsdag 26.6.19 klokka 18:30 skal me få læra meir om denne interessante kongen. Jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde og førsteamanuensis i arkeologi Alf Tore Hommedal, begge frå Universitetet i Bergen, kjem til Agatunet og Lagmannsstova for å fortelja om Magnus, kongssonen som ikkje eigentleg skulle verta konge, men som enda opp med å verta ein av dei viktigaste kongane me nokon gong har hatt.

Saman arbeider Øyrehagen Sunde og Hommedal om ein ny fortolkning av lovgiverkongens livsverk. Desse to møtest i mellomalderhistoria og freistar saman å gripa nokre av tankane og haldningane til Kong Magnus Lagabøta. Føredraget tek opp interessa Kong Magnus hadde for fransiskanarane, ordenen som vart grunnlagt av Frans av Assisi i 1209, som og etablerte seg i Noreg – i Bergen allereie kring 1240. Me veit at Magnus fylgde førelesingar hjå fransiskanarane. Kan me spora ideologien til fransiskanarane i Kongens styring? Då Kong Magnus Lagabøte døydde 9. mai 1280, hadde han valt seg gravstad i fransiskanarkyrkja i Bergen, dagens Bergen Domkirke. Kvifor valde Kongen å bli gravlagd hjå fransiskanarane og ikkje i Kristkyrkja, den tradisjonelle kongelege gravkyrkja som låg på dagens Bergenhus? Der låg kongane før han gravlagde, både far, bestefar og oldefar til Kong Magnus. I føredraget vil du mellom anna møta Kong Magnus både som juridisk reformator – lovbøtaren – og som kongeleg byggherre.

Det vert høve til spørsmålsrunde etter føredraget.

Vel møtt!

Tid

(Onsdag) 18:30 - 19:30

Stad

Agatunet

5776 Nå

Kontakt

Besøksadresse: 5776 Nå
Postadresse: Museumsvegen 36, 5778 Utne


Tlf: 474 79 902
E-post: agatunet@hvm.museum.no

Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Hardanger folkemuseum!
Opningstider
6.mai - 1. sept. 2019:
Kl 10 - 17 alle dagar
Ope for grupper og andre besøkande etter avtale heile året
X