oktober 2019

20okt18:00Majorstuen - SkribleFolkemusikk

Les meir

Om arrangementet

Synnøve S. Bjørset – fele
Tove Hagen – fele, bratsj og cello
Jorun Marie Kvernberg – fele
Anders Löfberg – fele og cello
Bjørn Kåre Odde – fele og bratsj

Det er ikkje ofte Morgan Kane, Kristin Lavransdatter, Per Waglen og Lensmann Geissler vert nemnde i ei og same setning. Men då dei fem musikarane og komponistane i Majorstuen blei utfordra til å bruka litteratur som inspirasjon for ny musikk, bestemte dei seg for å bruka heile spennet frå moderne underholdningslitteratur til klassiske verk som utgangspunkt.

I SKRIBLE brukar Majorstuen sitt folkemusikalske fundament, sin fantasi og kreativitet til å kommentera, kontrastera og abstrahera dei mange aspekta ved litteraturen. Gjennom 17 år med musikalsk samarbeid har dei skapt sitt eige uttrykk, og med folkemusikkens estetikk i botn reiser dei i mange ulike musikalske landskap. Det heile vert likevel bunde saman av ensemblet si forfriskande og overraskande sceniske formidling.

Majorstuen har spelt nærare 300 konsertar i 30 land, og har gjennom sitt utforskande og leikande sceniske uttrykk sett ein ny standard for korleis folkemusikken kan formidlast til eit breitt publikum. Dei har gledd sitt publikum på alt frå den minste bygdepub i indre Romsdal til det største kulturhus i Paris, og dei er kjende for sin særeigne sound, sitt gode samspel og spelarglede. For debutplats ”Majorstuen” fekk dei Spellemannprisen – og seinare har heile seks plateutgjevingar fleire gongar sikra dei nominasjon til både denne og andre gjeve prisar.

I SKRIBLE tar Majorstuen deg med på ein litterær blåtur med spennande musikalske stoppestadar.

Tid

(Sundag) 18:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Kontakt

Besøksadresse: 5776 Nå
Postadresse: Museumsvegen 36, 5778 Utne

Tlf: 474 79 902
E-post: agatunet@hvm.museum.no

Nyhendebrev

Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om kva som skjer ved Hardanger og Voss museum!

Opningstider

6 .mai - 1. sept. 2019:
Kl 10 - 17 alle dagar

Ope for grupper og andre besøkande etter avtale heile året

X