mars 2019

fre01mar17:00fre19:00Inspirasjonsmøte om nytt kommunevåpenlær om riddar Sigurd sitt våpenskjold og teikn ditt eige!

Om arrangementet

Ullensvang kommune treng kommunevåpen, og du kan teikne det! Kom på inspirasjonsmøte i Agatunet.    

Det har vorte beslutta at Ullensvang kommune sitt kommunevåpen skal ta utgangspunkt i Ullensvang herad sitt. Dette har henta motivet sitt frå våpenskjoldet til riddaren, lagmannen og herren til Aga – Sigurd Brynjulvsson, som levde i Agatunet ca. 1235-1303.

Korte føredrag og teikneverkstad for store og små.
Ope kafé!

Ullensvang kommune har lyst ut ein idékonkurranse, med innleveringsfrist 13.03.19, og ein premie på 5000 kroner.
Agatunet inviterar til inspirasjonsmøte fredag 01.03.19 klokka 17, der du både kan læra litt om bakgrunnen for våpenskjoldet som skal liggja til grunn for det nye kommunevåpenet, teikne og kosa deg med kaffi og drøs i kaféen.

Varaordførar i Ullensvang herad,  Kåre Grønsnes (SV) kjem og fortel litt om prosessen kring det nye kommunevåpenet og idékonkurransen.

Guttorm Rogdaberg fortel om bakgrunnen for bruken av våpenskjold, når og korleis dei fann vegen til Noreg, og kva Sigurd Brynjulvsson sitt våpenskjold kan seie oss om hans status og posisjon. Det var ikkje kven som helst som hadde eigne våpenskjold!

Føredraga startar 17:15 i Johansstova.
Me held kaféen ope frå 17-19, og riggar til teikneverkstad for store og små i Grønestova i kafébygningen.

Gratis inngong!

Velkomne alle!

Sjå konkurranseutlysinga her:
http://ullensvang.kommune.no/idekonkurranase-teikn-vart-nye-kommunevapen/

Tid

(Fredag) 17:00 - 19:00

Stad

Agatunet

5776 Nå

Kontakt

Besøksadresse: 5776 Nå
Postadresse: Museumsvegen 36, 5778 Utne

Tlf: 474 79 902
E-post: agatunet@hvm.museum.no

Opningstider

6 .mai - 1. sept. 2019:
Kl 10 - 17 alle dagar

Ope for grupper og andre besøkande etter avtale heile året

Contact

Visiting address: 5776 Nå
Postal address: Museumsvegen 36, Utne

Tel: +47 474 79 902
E-mail: agatunet@hvm.museum.no

Opening hours

May 6– Sept 1 2019:
10 AM–5 PM all days

Open for groups and other visitors by appointment throughout the year

X