juli 2019

06jul12:0016:00Figurskjering i tre med Kjell Musland

Les meir

Om arrangementet

Laurdag 6. juli, frå klokka 12-16, kjem kunstnaren og figurskjeraren Kjell Musland til Agatunet. Du kan sjå han i arbeid, korleis han skapar alle dei fine figurane sine, og både born og vakne kan få prøva kniven sjølve!

Kjell Musland er opphaveleg frå Uskedalen, men bur og arbeidar på Seimsfoss i Rosendal. Han er i dag pensjonist, og har drevet med treskjering sidan han var midt i 20-åra. Han skjerer både med motorsag og kniv, og arbeidar alltid for å oppnår gode uttrykk med færrst mogleg kutt med knivet. Arbeida hans står over heile landet – av dei nest kjende er figuren av Edvard Grieg som står ved Hotel Ullensvang.

Til Agatunet har han med mange av dei flotte og ofte humoristiske figurane sine. Han har med emne og knivar så ein kan prøva sjølve, og har og med slipeutstyr og demonstrerar korleis ein held arbeidsreiskapen kvass.

Dette vert kjekt for både store og små – legg turen innom Asbjørnsløa i Agatunet denne laurdagen!

Tid

(Laurdag) 12:00 - 16:00

Stad

Agatunet

5776 Nå

Kontakt

Besøksadresse: 5776 Nå
Postadresse: Museumsvegen 36, 5778 Utne


Tlf: 474 79 902
E-post: agatunet@hvm.museum.no

Nyhendebrev

Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om kva som skjer ved Hardanger og Voss museum!

Opningstider

6 .mai - 1. sept. 2019:
Kl 10 - 17 alle dagar


Ope for grupper og andre besøkande etter avtale heile året

X