september 2019

01sep12:0013:00Danse, sa fela! Familieførestilling

Les meir

Om arrangementet

Bli med på ei eventyrleg reise inn i huldrefolket sitt rike, med friske hallingspark og saftig felespel!

Ei lita jente blir sett på prøve når ho blir bergteken inn i fjellet. Kan fuglar, hestar og ormar hjelpe ho? Med kløkt, spenst og listige krumspring prøver ho å fri seg frå sjølvaste bergakongen.

Osascena inviterer til ei eventyrleg familieframsyning med dans, musikk og forteljing av og med Silje Onstad Hålien og Nina Fjeldet. Silje Onstad Hålien frå Vang i Valdres er dansar utdanna ved Den Norske Ballethøyskole og Dance New Amsterdam i New York. Ho vart utnemnt til Årets Folkemusiker i 2015, og i 2011 vart ho som fyrste kvinne i Noreg kvalifisert til eliteklassa i hallingdans.

Nina Fjeldet frå Gausdal er felespelar utdanna ved Ole Bull Akademiet og Høgskulen i Telemark. Ho har turnert i land som Pakistan, Nepal og Storbritannia, og vore mykje brukt som kurshaldar og til formidling av den tradisjonelle musikken og dansen i både skulen og andre arenaer.

Førestillinga er særskilt støtta av Vekselbanken på Voss og er eit sambeid mellom Osafestivalen og Voss folkemuseum.

Sundag 1. september er aller siste høve til å testa ut dei ulike dansestasjonane i utstillinga Musea dansar! Alle som har kjøpt billettar til framsyninga kan gå i utstillinga etterpå. Evt gå ut i tunet der alle husa er opne og ein kan prøve stylter, utkledning og ulike klyppe oppgåver.  Kafeen er open med nysteikte lappar, is, brus, kaffi og kaker.

Tid

(Sundag) 12:00 - 13:00

Stad

Voss folkemuseum

Mølstervegen 143, 5705 Voss

Kontakt

Besøksadresse: 5776 Nå
Postadresse: Museumsvegen 36, 5778 Utne

Tlf: 474 79 902
E-post: agatunet@hvm.museum.no

Nyhendebrev

Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om kva som skjer ved Hardanger og Voss museum!

Opningstider

6 .mai - 1. sept. 2019:
Kl 10 - 17 alle dagar

Ope for grupper og andre besøkande etter avtale heile året

X