mai 2019

12mai01sepBarneutstillingÅ vera og gjera saman

Les meir

Om arrangementet

Sundag 12. mai opnar me ei nydeleg utstilling laga av barnehageborn ved Aga barnehage, avdeling blåbærsteinen.

Borna stillar ut verk dei har laga både individuelt og saman. Gjennom våren har dei vore på fleire samlingar og workshop i Agatunet, og har og jobba med ting i barnehagen. Tema for utstillinga er «Å vera saman» – og me har jobba med opplegg knytt til temaet både gjennom å verta kjend med klyngetunet og korleis folk levde tett saman i Agatunet, og knytt til eit prosjekt i barnehagen om sosial kompetanse. Iben Amelie Mansfeld som og stillar ut i Agatunet i sommar har vore inne som veiledar på ein installasjonsworkshop. Stikkord for arbeidet har vore å samarbeide, å dela og å hjelpa kvarandre. Resultatet vert ei flott og uttrykksfull utstilling som me alle kan vera stolte av!

 

Tid

Mai 12 (Sundag) 13:00 - September 1 (Sundag) 17:00

Stad

Agatunet

5776 Nå

Kontakt

Besøksadresse: 5776 Nå
Postadresse: Museumsvegen 36, 5778 Utne


Tlf: 474 79 902
E-post: agatunet@hvm.museum.no

Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Hardanger folkemuseum!
Opningstider
6.mai - 1. sept. 2019:
Kl 10 - 17 alle dagar
Ope for grupper og andre besøkande etter avtale heile året
X