Nyhende



Nyhende i eit gammalt tun
TAKVØLA PÅ LENSMANNSSTOVA DESEMBER 2019-JANUAR 2019
For tida restaurerast taket på søndre del av det samanbygde huset som kallast Lensmannsstova, óg kjend som Ådnesstova.
Denne delen av bygget er ei gamal røykstove som tidlegare har hatt torvtak, men no har eit helletak som skulle restaurerast. I taket fann ein mellom anna ei avis, Familie-Journal frå 4. juni 1905 – så kan hende vart torvtaket skifta ut den sommaren for litt over hundre år sida?
Dei gamle ljoresperra frå den gong stova var røykstova sto framleis i taket, og er no plukka ned og tekne vare på.
Ein rekkje nye sperr vart øksa av vår handtverkar Morten Haavik, som elles har arbeida med dei dugelege karane frå Håkon Kvestad AS under takvøla.
22.01.19 kom siste hella attende på taket, og Lensmannsstova er no klar for 200 nye år med vestlandsvêr!