– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Ledige stillingar

Omvisar kafévert

Hardanger og Voss museum søkjer etter omvisarar/kafévertar til Agatunet og Hardanger folkemuseum i perioden 1. mai – 31. august 2021.

Omvisaren/kaféverten har ei viktig rolle i museet si publikumsretta verksemd. Hovudarbeidet vil vera å ta imot dei vitjande på ein god måte, og visa dei rundt i tun og utstillingar. Ein skal formidla det musea har å by på, særleg retta mot turistar. I Agatunet er det omvising til faste tider, der omvisaren tek med seg dei vitjande og fortel om livet i tunet, i tillegg til kunst- og kulturhistoriske utstillingar. På Hardanger folkemuseum har me stort sett omvisingar for grupper som har tinga på førehand, medan dei einskildbesøkande besøkjer tun og utstillingar på eiga hand.

Omvisarane i Agatunet og på Hardanger folkemuseum arbeidar og i kafeen, med matlaging, servering og reinhald. På Hardanger folkemuseum står omvisaren og i museumsbutikken/ resepsjonen. Det er vanleg at dei som er på jobb bytar på å ta omvisingar og å ta seg av kafeen. Reinhald og smittevern ein viktig del av jobben, med daglege rutinar for vasking. Det kan og verta arbeidsoppgåver i samband med konsertar og arrangement.

Alle som vert tilsett får opplæring i alle delar av jobben, inkludert omvising, kaféarbeid, reinhald og hmt.

Arbeidstid
I Agatunet treng me folk i helgene i perioden 8. mai – 29. august, samt alle dagar i perioden 22. juni – 15. august. Me har og trong for folk nokre av vekedagane i mai/juni. Dagleg arbeidstid er i hovudsak anten 10 – 16.30 eller 11- 16.30. Me har og nokre kortvaktar frå 12 – 15 på dagar med mykje besøk. Det kan og vera aktuelt med andre vaktar og tidspunkt enn dette.

På Hardanger folkemuseum treng me folk i helgene i perioden 2. mai – 29. august, samt tysdag – sundag i perioden 22. juni – 15. august. Me kan og ha trong for folk nokre av vekedagane i mai/juni. Dagleg arbeidstid er i hovudsak anten 09.30 – 16.30 eller 10.30 – 16.30. Me har og nokre kortvaktar frå 12.30 – 15.30 på dagar med mykje besøk. Det kan og vera aktuelt med andre vaktar og tidspunkt enn dette.

Søknad
Me søkjer serviceinnstilte personar som har interesse for kulturhistorie, snakkar godt norsk og engelsk, og har god orden og gode samarbeidsevner. Me oppmodar folk i alle aldersgrupper til å søkja. Personlege eigenskapar vil verta vektlagd. Løn etter avtale.

Søknaden må innehalda tidspunkt ein kan arbeida innanfor tidsrommet 1. mai – 31. august. Me har særleg trong for omvisarar i tidleg i sesongen.

Spørsmål rettast til Agnete Sivertsen, tlf 95 93 46 98
Søknad med CV og referansar sendast til: personal@hvm.museum.no
Søknadsfrist 10. februar 2021.

>>> Sjå alle ledige stillingar i Hardanger og Voss museum

Opningstider

  • 22. mai-20. juni: Laur-sundag kl 11-16
  • 22. juni-15. august: Tys-sundag kl 11-16
  • 21.-29. august: Laur-sundag kl 11-16

Heile året: Ope for grupper etter avtale

Kontakt

Besøksadresse: 5776 Nå

Postadresse: Museumsvegen 36, 5778 Utne

Tlf: 474 79 902
E-post: agatunet@hvm.museum.no

Sosiale media

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram

Opening hours

May 22-June 20: Sat+Sunday 11 AM-4 P June 22-August 15: Tues-Sunday 11 AM-4 PM August 21-29: Sat+Sunday 11 AM-4 PM Open for groups and other visitors by appointment throughout the year

Contact

Visiting address: 5776 Nå
Postal address: Museumsvegen 36, Utne

Tel: +47 474 79 902
E-mail: agatunet@hvm.museum.no

Social media

Follow us on Facebook and Instagram

X