– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Sigurd Brynjulvsson

Sigurd, herren til Aga

– ridder, lagmann og riksråd.

 

Sigurd Brynjulvsson (ca. 1235-1303) var Herren til Aga, den gong Aga var éin gard, ein storgard!

Sigurd var godseigar, riddar og lagmann. Bygget me i dag kallar Lagmannsstova, er berre ein del av det som var eit større bustads- og representasjonsanlegg som sto på Aga, bygga etter europeisk modell. Det har vore slekta til Sigurd som har reist anlegget, og dette storslegne bygningkomplekset er eit bevis på at Sigurd kom frå ei bemidla og mektig slekt.

 

Sigurd tilhøyrde aristokratiet i Noreg, og var Gulatingslagmann i tida Magnus Lagabøtes Landslov vert gjeve (1274) og innført. Lova var Noreg si fyrste felles lovbok, og ei av dei fyrste landsdekkande lovbøker som vert gjeve i Europa. Denne lovboka gjev Noreg ein framtredande posisjon i europeisk rettshistorie, og har stor viktigheit for statsdanninga og norsk samfunnsutvikling. I denne tida utvidast lagmannsvervet – lagmannen går frå ei rolle som lovkyndig, kongeleg tenestemann utan juridisk makt, til å verte ein dommar. Lagmannen får ei ny juridisk, sosial og politisk posisjon, og Sigurd var slik direkte involvert i handhevinga av den nye lova, og forvaltninga av den framvaksande staten Noreg.

 

Når Magnus Lagabøte sin eldste son, Eirik Magnusson, vert konge  i 1280 – berre 12 år gamal, setjast inn eit formyndarstyre som skal leie riket medan Eirik veks til. I dette riksrådet sit Sigurd Brynjulvsson til Aga. Eirik er av historia oppfatta som ein svak konge, og ein reknar at dei mektige mennene i riksrådet fortsette å utøve reell innflytelse og etter at Eirik vart myndig.

 

Herren til Aga hadde altså tette band til kongemakten, og tilhøyrde eit aristokrati som på fleire vis var prega av felleseuropeiske ideal og kultur-  og samfunnsutvikling. I kraft av sitt verv som lagmann har Sigurd aktivt delteke i forvaltninga av tankar om samfunnsregulering gjennom nyansert lovgjevning, likheit for lova, rettvise for alle og ivaretaking av svakarestilte grupper – tanker som har leidd fram til den velferdsstaten me kjenner i dag.

 

Sigurd vart funnen daud i Samlafjorden i 1303. Me veit ikkje kva skjebne han leid, men den dagen gjekk ein betydningsfull harding ut or historia.

 

Storgarden Aga vart etter Sigurds daud delt mellom døtrene hans. Seinare har garden vore delt fleire gonger, og garden gjekk gjennom historia frå å vera ein riddar sitt storgods til eit klyngetun med yrande liv, til i dag å vera eit freda kulturminne som vernast gjennom bruk. Her kan du gå opp same trapp og inn i same rom som dei gjekk, dei som skulle prøve saka si for lagmannen, den mektige Sigurd på Aga, for 750 år sida.

 

 

 

 

Opningstider

  • 22. mai-20. juni: Laur-sundag kl 11-16
  • 22. juni-15. august: Tys-sundag kl 11-16
  • 21.-29. august: Laur-sundag kl 11-16

Heile året: Ope for grupper etter avtale

Kontakt

Besøksadresse: 5776 Nå

Postadresse: Museumsvegen 36, 5778 Utne

Tlf: 474 79 902
E-post: agatunet@hvm.museum.no

Sosiale media

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram

Opening hours

May 22-June 20: Sat+Sunday 11 AM-4 P June 22-August 15: Tues-Sunday 11 AM-4 PM August 21-29: Sat+Sunday 11 AM-4 PM Open for groups and other visitors by appointment throughout the year

Contact

Visiting address: 5776 Nå
Postal address: Museumsvegen 36, Utne

Tel: +47 474 79 902
E-mail: agatunet@hvm.museum.no

Social media

Follow us on Facebook and Instagram

X