– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Nabokrangel, samfunnsstyring og lagmannen på Aga

tors20jun18:30tors19:30Nabokrangel, samfunnsstyring og lagmannen på AgaFøredrag med Jørn Øyrehagen Sunde18:30 - 19:30(GMT+00:00)

Om arrangementet

Jørn Øyrehagen kjem attende til Agatunet for eit nytt føredrag om historia på Aga.

Det er ein kunst å kunna leve tett på sine naboar i eit klyngetun utan å koma i konflikt. For å lukkast bør ein helst ha mange og gode reglar for korleis ein skal oppføra seg, og gode måtar å handheva på. Landslova av 1274 og Sigurd Brynjulvsson sitt virke var sikta inn på dei områda som ikkje var regulert av naboskapsreglar, eller når handhevinga av desse reglane svikt. Det var dermed eit fint og nødvendig samspel mellom kongeleg lov og lagmann på den eine sida, og naboskapsreglar handheva på tunet på den andre.

Velkomne til eit spanande føredrag!

 

Tid

(Torsdag) 18:30 - 19:30(GMT+00:00)