– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Craft demonstrations

Watch craftsmanship at close range

Om du ynskjer å oppleva handverk på nært hald finst det fleire moglegheiter i Agatunet. Nokre gonger i løpet av sesongen demonstrerar me ulike handverk, som til dømes spinning på rokk og handtein, plantefarging, arbeid med øks og anna bruk av gamle verkty. Desse opplevingane finn du i programseksjonen.

I sommar kan me mellom anna by på figurskjering i tre, og kurvmaking.

Baking av krotakaker finn sted i bakstekjellaren kvar fredag føremiddag i skuleferien. Meir info om det finn du her: Krotakakebaking.

Når me gjennomførar restaureringsprosjekt i Agatunet er det alltid høve for interesserte å komma og sjå, ofte inviterast det og til kurs  i samband med arbeidet. Desse kursa finn du i programmet, og elles ligg meir informasjon om eventuelt nærståande kurs på denne sida: Bygningsvern og restaurering.

Om de er ein gruppe som har særskilt hug til å sjå gamle handverksteknikker (og anna enn det som er nemt over), ta kontakt med oss, så finn me eit opplegg som høver dykk.

X