Utstillinga «1000 bringklutar» vert forlenga

Den storslagne utstillinga 1000 bringklutar, som opna i mai 2018 – er beslutta utvida til november 2019. Utstillinga viser 1021 bringklutar, hovudsakleg frå Hardanger og Voss – og utgjerast av samlingane til Hardanger folkemuseum, Voss folkemuseum, Kvam bygdemuseum, Bu museum og Fonnelandsamlinga. I utstillinga kan du se dæme på bringklutar frå mange områder, og i mange teknikkar – mellom anna smøyg, korssting og ulike perleteknikkar. Det er ei storhending i norsk tekstilhistorie at desse vakre arbeidene har funne vegen or magasinene, og særs gledeleg at ein mot slutten av den opprinnelege utstillingsperioden har vurdert at dei tolar å henga ein sesong til. Finn vegen til Hardanger folkemuseum og Utne og få med deg denne flotte utstillinga, desse skattane finn nok ikkje vegen or magasinene att i vår levetid, og i alle fall ikkje i eit slikt overveldande omfang som du kan oppleva i Storsalen på museet no!

bringklut, bringeduk, bringekluter, brystduk, incerts

Eit knippe vakre bringklutar frå Hardanger.

Previous

Kontakt

Besøksadresse: 5776 Nå
Postadresse: Museumsvegen 36, 5778 Utne


Tlf: 474 79 902
E-post: agatunet@hvm.museum.no

Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Hardanger folkemuseum!
Opningstider
6.mai - 1. sept. 2019:
Kl 10 - 17 alle dagar
Ope for grupper og andre besøkande etter avtale heile året
X