Norsk English

Mette Tronvoll - Portrett

Den internasjonalt anerkjente norske fotokunstneren Mette Tronvoll har utstilling i Agatunet i sommar. Tronvoll er kjent for sine originale portrett og landskapsbilete. Ho jobbar og bur i Oslo, men har Bachelor of Fine Arts i fotografi frå Parson School of Design i New York. Sidan 2016 har ho vore statsstipendiat.

I Agatunet kan du sjå dei kjende portretta av Dronning Sonja, bilete frå Afrika og frå Grønland. Du kan og sjå nyare portrett frå prosjektet Nordmenn i det 21. århundre. Her søkjer Tronvoll, inspirert av den tyske fotografen August Sanders, å visa fram vår komplekse og sårbare samtid gjennom portrettet. Ho formidlar direkte og ukunstla, og byr på interessante møte med menneske.

Tronvoll jobbar med analogt fotografi, hovedsakelig med eit Linhof 4 x 5 tommers storformatkamera, og eit Hasselblad mellomformatkamera. Dei portretterte vert fotografert i naturleg dagslys.  1 sekund lukketid krev konsentrasjon frå dei som vert portrettert, og gjer lyset bløtt, mykt og rikt i fargane.