Asbjørnsløa

Fest på løo?

Vil du samla mange kring deg til ein hyggjeleg stund? Då kan Asbjørnsløa kanskje passa. Her er store, luftige lokale, og ei fin stemning med gamle landbruksreiskap utstilt på veggane.

I sommarhalvåret kan det dekkast til middag her. Kan og høve som danselokale etter middag i eit anna lokale. Kan riggast til med bar og lydanlegg, fint til enkel servering av kaffi og kaker etter middagen.
Me kan og montera prosjektor og lerret her, samt lydanlegg – så lokalet kan og leigast til fremsyningar og musikk.

Kapasitet:
Drygt 50 personar, ca 100 om ein ikkje nyttar bord.

NB! Tilgongen på Asbjørnsløa vil variera etter kva utstilling som står her. Lokalet er ikkje oppvarma og noko trekkfullt, så bruken er sesongavhenging.

Kontakt
Besøksadresse: 5776 Nå
Postadresse: Museumsvegen 36, 5778 Utne

Tlf: 474 79 884
E-post: agatunet@hvm.museum.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Hardanger folkemuseum!
Opningstider
6.mai - 1. sept. 2019:
Kl 10 - 17 alle dagar
Ope for grupper og andre besøkande etter avtale heile året
X