– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Utleige av lokale

Treng du lokale?

Agatunet leiger ut fleire av lokala til festar og møte. Her serverar me mat og drikke etter ynskje. Me kan og by på sidersmaking, omvising og musikalske innslag, og etter eiga avtale ulike aktivitetar.
Det freda klyngetunet gjev ei heilt eigen råme kring arrangementet, anten det er konfirmasjon, vigsle, brudlaup, dåp, jubileumsfeiringar, firmafester, konferanser og møter, eller ei fin stund med gode vener.
Ta kontakt, så finn me dei beste løysingane for ditt arrangement.

Me ser fram til å få dykk på besøk, og vil gjera vårt aller beste for at de skal få ei strålande stund i det stemingfulle Agatunet.

 

Utleigelokala våre:

Lagmannsstova og Lagmannsstovekjellaren

 Kaféen og Grønastova

Johansstova

Asbjørnsløa

 

Teknisk utstyr

Me har fastmontert lerret, prosjektor og lydanlegg i Johansstova. Me har og mobilt lerret og prosjektor, samt et mindre lydanlegg (høgtalarar, mikrofonar, miksepult med 6 kanalar).

Servering
Agatunet har i fleire år samarbeidd med Aga tradisjonsmat. Aga tradisjonsmat ble etablert i 2002 av Marianne Miljeteig Aga. Ho lagar mat frå bunn av, og ynskjer å ta vare på gamle mattradisjonar og kulturarv. På menyen finn ein mellom anna tradisjonelle rettar frå Hardanger som hakkasteik og røykjekjøt, og heimebakte potetkaker. Ho lagar og istand festmenyar, koldtbord, snittar og kaker. Har ein spesielle matynskje ordnar me det meste.
NB! Det er ikkje høve til å ta med eigen mat når ein har selskap i Agatunet, men me gjer unntak for eigne kaker til konfirmasjonar, jubileum og brudlaup.

Skjenking og alkoholservering
Agatunet har skjenkeløyve med alle rettar. Me har ein meny, og kan i tillegg tinga inn drikke etter kundane sine ynskje. Når ein planlegg selskapet kan ein velja om ein vil ha alt på same rekninga, eller om kvar gjest betalar sin eigen drikke, eller ein kombinasjon.
NB! Det er ikkje høve til å nyta medbrakte drikkevarar i Agatunet.

NB! Røyking forbode.
Agatunet er eit freda klyngetun med tett trehusbusetnad. Det er difor ikkje høve til å røykja i tunet, verken inne eller ute. Grillarrangement er heller ikkje tillete. 

Underhaldning og aktivitetar
Agatunet ynskjer å leggja til rette for eit spanande opphald hos oss, og kan by på ulike aktivitetar. Her er noko av det me kan arrangera:

  • Omvisning
    La våre engasjerte og dyktige omvisarar ta gjestene med på ein runde i tunet. De får høyra forteljinga om Sigurd Lagmann, sjå utstillingar, og høyra korleis det var å leva i eit klyngetun.
    Varigheit: om lag 45 min, kortare eller lengre etter ynskje.
    Pris: avheng av storleik på gruppen.
  • Konsert
    Fleire dyktige folkemusikarar kan tilby konsert eller musikalsk innslag i tunet i samband med middagar og arrangement.
    Pris: avheng av antall musikarar, varigheit og konsertlokale.
    Varigheit: om lag 45 min, kortare eller lengre etter ynskje.
  • Sidersmaking
    Hardanger er kjend som eit viktig siderområde. Siderproduksjonen her har utvikla seg sterkt dei siste åra, med fleire yngre produsentar som satsar høgt og har vunnet ei rekke prisar for produkta sine. Høyr historia om sideren samstundes som du får smaka dei edle dråpane. Me samarbeider med fleire lokale, premierte siderprodusentar i Ullensvang, og kan og tilby sider frå andre plassar i Hardanger. Ulike typar eplemost som alkoholfritt alternativ.
    Pris: etter avtale, avhengig av antal sortar og opplegg.
    Varigheit: mimium 15-20 min., lengre etter ynskje.

Har du andre ynskje, så gjer me vårt beste for å finne løysingar som høver deg!