Norsk English

Vøle/kalking av kjellarmur på Lagmannsstova!

Tidlegare i sommar bygde me eigen kalkomn og brant kalk i Agatunet - no skal kalken nyttast!
Den nedre kjellarmuren på den unike Lagmansstova frå 1220 skal vølast og kalkast, og du kan vere med!

 

Veke 33 frå måndag 13. august til lørdag 18. august inviterer me alle interesserte til å komme til Agatunet og delta i arbeidet med restaurering av muren under Lagmannstova. Arbeidet består av fuging og spekking med kalkmørtel, og deretter hvitting i fleire lag.
Me har tidlegare i år bygd kalkomn og brent kalk av kalkstein me har henta i nærområdet. Deltakarar vil lære å leske mørtel av kalk og sand til blandinga kalla hot mix og påføre dette på muren.

Kurslærar er Christopher Pennock frå Nidaros Domkirkes restaureringsarbeider
Deltakarar får bu i tunet såfremt me har plass.

Fredag 17.8 markerer me avslutning av arbeidet med pizzabaking og pub i tunet.

For nærare informasjon ring bygningsvernkonsulent på mobil 99296508 eller mail til post@hvm.museum.no mobil 47479884

Flere bilder