– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Utandørs

Vandre i tunet

Det er ei fin oppleving å vandre kring i Agatunet. Ein kan forestille seg korleis det var den gongen det var folk – mange folk – i husa, og livet vart levd her, tett på kvarandre, til kvardags og fest.

 

Dei eldste som lever i bygda i dag og som vaks opp i Agatunet kan fortelja om eit godt og trygt liv. Det var alltid nokon å vera i lag med, alltid ein hjelpande hand, og ei jamn over minneleg stemning. Folk budde så tett at dei ikkje fann det verdt å ryke uklår. Dei fortel at om ein ikkje likte middagen heime en dag, var det råd å leggja turen innom eit anna hus og sjå om ein ikkje hadde betre lukka der. Det var plass rundt bordet.

 

I Agatunet veks det fleire sortar historiske roser kring husa. Her veks gamle frukttre, med kirsebær, eple, pære og plommesortar som no har vorte sjeldne. Dei gamle trea ser ganske annleis ut enn dei moderne plantingane.

 

Me har ein liten urtehage som vart anlagd våren 2005. HKH Dronning Sonja kom til Agatunet og planta kvann saman med Det Norske Hageselskap. Kvann har ein lang historie i Noreg. Allereie frå sagatida har me opplysningar om bruken. Frå 1500-tallet spelar planten ein stor rolle i folke- og skulemedisinen. Kvann vart ofte dyrka i egne kvanngardar ved tunet. I urtehagen veks det og andre historiske mat – og medisinplantar. Me forsøker å nytta desse i kaféen i Agatunet, og når me serverar gjestane våre i dei freda husa.

 

Dronning Sonja har og sett ned eit epletre i tunet, eit Gravensteintre som står utanfor Isaksstova. Den vart sett ned i 1992, til minne om når Johannes Pedersen Aga planta det fyrste Gravensteinspletreet i Hardanger og Noreg i 1792. Ein bauta var reist i lag med treet, som me no omtalar som Dronningapalen.

 

Me har ein imponerande gullregn – Laburnum anagyroides – utanfor Sveinstova bak i tunet. Det blømer i slutten av mai eller byrja på juni, og er eit overveldande vakkert skue. Treet vart planta i 1933 av Alfred Aga, som budde i Sveinsstova. Han fekk ein avleggar frå hotellhagen på Ullensvang, der han arbeidde. Om den er blant landets eldste gullregntrær veit me ikkje, men ein svært begeistra botaniker me hadde på vitjing var heilt klar på at den iallefall måtte vera blant dei største!

 

Ta deg ei runde i tunet, finn deg ein fredeleg krok, og nyt stemninga!