Norsk English

Riddarklubben

Ta med borna på Riddarklubben i Agatunet!

Kjellaren på Lagmannsstova, huset der det ein gong budde ein ekte riddar, har blitt til aktivitetsrom. Her kan ein for eksempel teste riddarhesten, prøve ut ein ekte kongestol, kle seg ut, byggje borg, teikne, lese, utforske rommet og leke. 

Klubben er open for alle born frå ca 4 - 12 år. Enkeltbillett gjev adgang til rommet og aktivitetane, med sesongkort vert du medlem i klubben vår og får riddarbevis.

Ein riddar var ryttar og krigar. Men det var viktig at ein riddar stod fram som eit godt eksempel på høvisk åtferd og å vere respektfull overfor andre, og tok vare på dei som var svakare. Med andre ord ideal som passar like godt i dag som i mellomalderen.

Bakgrunn

I Riddarklubben vil me ta vare på og utvikla born si interesse for historie på  lystbetont og leikande vis. I sentrum står den heilt spesielle historia knytt til Sigurd Brynjulvsson, riddaren og langmannen som budde i Lagmannsstova på Aga. Gjennom året vert det klubbmøte med ulike aktivitetar, test av riddarutstyr, riddarfilmkveld mm. Følg med framover!