Omvising

Bli kjend med Agatunet

– klyngetunet med historiar tett i tett!

Kvar heile time fra klokka 10 til og med klokka 16 er det omvising med guide i tunet. Omvisinga er inkludert i billetten. Startpunktet er utanfor kaféen.

Det er høve til å hive seg på undervegs om ein ikkje skulle få med seg oppstarten. Omvisinga varer i minst 30 minutt, meir om deltakarane har mange spørsmål. Ein får ei innføring i Agatunet si lange historie, og får koma inn i fleire av dei bygga som ikkje står ope og tilgjengelege for publikum som sjølve vandrar i tunet, til dømes den staselege ridderhallen Lagmannsstova fra 1220, husmannsstova Gertrudsstova, og stabburet som husar den flotte bunadsutstillinga «Gåva frå mor». Dei øvrige utstillingane kan ein vitja på eigehand, og vert ikkje dekka av omvisaren.

Omvisinga er i utgangspunktet på norsk, men vert gjeve på engelsk når det trengs. Vil ein vandre i tunet på eigenhand, finst ein innførande falder ein kan ta med seg på vandringa. Denne finst i kaféen der ein løyser billett.

Det er høve til å tinga eige omvising for grupper, og utenom sesong. Ta kontakt, så finn me ei løysing som høver di gruppe.

 

Velkomne til ei lærerik omvising i det vakre og spanande Agatunet!

 

Kontakt
Besøksadresse: 5776 Nå
Postadresse: Museumsvegen 36, 5778 Utne

Tlf: 474 79 884
E-post: agatunet@hvm.museum.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Hardanger folkemuseum!
Opningstider
6.mai - 1. sept. 2019:
Kl 10 - 17 alle dagar
Ope for grupper og andre besøkande etter avtale heile året
X