Handverksdemonstrasjon

Handverk på nært hald

Om du ynskjer å oppleva handverk på nært hald finst det fleire moglegheiter i Agatunet. Nokre gonger i løpet av sesongen demonstrerar me ulike handverk, som til dømes spinning på rokk og handtein, plantefarging, arbeid med øks og anna bruk av gamle verkty. Desse opplevingane finn du i programseksjonen.

Baking av krotakaker finn sted i bakstekjellaren kvar fredag føremiddag i skuleferien. Meir info om det finn du her: Krotakakebaking.

Når me gjennomførar restaureringsprosjekt i Agatunet er det alltid høve for interesserte å komma og sjå, ofte inviterast det og til kurs  i samband med arbeidet. Desse kursa finn du i programmet, og elles ligg meir informasjon om eventuelt nærståande kurs på denne sida: Bygningsvern og restaurering.

Om de er ein gruppe som har særskilt hug til å sjå gamle handverksteknikker (og anna enn det som er nemt over), ta kontakt med oss, så prøvar me å finne eit opplegg som høver dykk.

Kontakt
Besøksadresse: 5776 Nå
Postadresse: Museumsvegen 36, 5778 Utne

Tlf: 474 79 884
E-post: agatunet@hvm.museum.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Hardanger folkemuseum!
Opningstider
6.mai - 1. sept. 2019:
Kl 10 - 17 alle dagar
Ope for grupper og andre besøkande etter avtale heile året
X