Filmframsyning

Sjå film – lær meir!

I Johansstova synar me film. Finn vegen opp trappa og inn i filmrommet, for å læra meir om Agatunet og Hardanger. Filmframsyningane er inkluderte i billettprisen.

På stort lerret synar me kvar dag to ulike biletspel, og på fleire iPad’ar med eigen lytting, kan du sjå eit skiftande utval filmar, mellom anna filmar om handverks- og restaureringsprosjekt i Agatunet som me har fått produsert, og filmar produserte av Landslovprosjektet som synar bindingane mellom Sigurd Brynjulvsson og Agatunet og Noregsveldet under Magnus Lagabøte.

DRAMA I BERG

Biletspelet Drama i berg fortel ei fascinerande historie om korleis Folgefonnhalvøya og landskapet vart til.

Agatunet er ein av innfallsportane til Folgefonna Nasjonalpark. Det 20 minuttar lange biletspelet Drama i berg er laga av Randi Storås på oppdrag frå Folgefonna Nasjonalparksenter, og vert vist i Johansstova i norsk og engelsk utgåve.

FJORDENS LIV

Filmen Fjordens liv fortel om landskapet under vatn, og om kva sola, havstraumar og fjellvatn har å sei for livet i fjorden. Du møter artar som kamuflerer seg, artar som samarbeider, og artar som langt nedi mørke fjorden kommuniserer med lys og lyd.Bli med på ei reise ned i Hardangerfjorden, ned til ei verd me har visst lite om, til ei verd full av liv. Rett under der me sit og fiskar bur underlege, vakre og fargerike skapningar me ikkje før har sett.

Du møter koralldyr og livet på korallreva, og får vita kvifor fjorden blir grøn. Filmen byggjer på foto og filmopptak ned til 450 meters djupn gjort under Havforskingsinstituttet sitt prosjekt Epigraph Hardangerfjorden.

Som innfallsport til Folgefonna nasjonalpark er Agatunet visningsplass for dette spennande biletspelet, som vert vist kvar dag i Agatunet sine opningstider.

 

Kontakt
Besøksadresse: 5776 Nå
Postadresse: Museumsvegen 36, 5778 Utne

Tlf: 474 79 884
E-post: agatunet@hvm.museum.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Hardanger folkemuseum!
Opningstider
6.mai - 1. sept. 2019:
Kl 10 - 17 alle dagar
Ope for grupper og andre besøkande etter avtale heile året
X