Norsk English

Vertskap i Agatunet

Hardanger og Voss museum har ledig 50% fast stilling som vertskap i Agatunet frå 1.1.2018.

Vertskapet har ei sentral rolle i den daglege drifta av Agatunet i sesongen, særleg knytt til møte med publikum. Ansvarsoppgåvene er mange og varierte.

I sesongen inngår vertskapet i turnus saman med omvisarane der ein lagar mat og serverer i kafeen, og tek omvisingar. I tillegg har vertskapet ansvar for administrative oppgåver som kasseoppgjer, besøksstatistikk, e-posthandtering, innkjøp og kunstsal. Vertskapet har ansvar for opplæring og oppfylging av omvisarar og volontør saman med styrar og formidlingsleiar.

Me søkjer ein blid, utadvent og ryddig person med relevant utdanning og praksis, erfaring og interesse for kulturhistorie og kafédrift, gode samarbeidsevner. Ved tilsetjing vil personlege eigenskapar verte vektlagde.

Me kan tilby ein interessant og variert jobb i eit godt arbeidsmiljø. Løn etter gjeldande regelverk.

Det vert noko helge- og kveldsarbeid.

Informasjon om stillinga kan ein få ved å venda seg til museumsstyrar Agnete Sivertsen, tlf. 47 47 98 84 mob. 95 93 46 98

Søknad vedl. cv sendast til personal@hvm.museum.no innan 12. nov 2017.