Om oss

Eit uforlikneleg tun!

 

Agatunet er eit unikt kulturminne, eit autentisk og freda klyngetun. Her står husa og forteljingane tett. På Aga har det vore bosetting siden steinalderen, og det eldste huset som står i Agatunet er 800 år gamalt.

Her har har det budd riddarar og bønder, stortingsmenn, jakteskippere og husmenn – her har ein jobba og levd, tett på einannen, i generasjon etter generasjon. Her har vore rettslokale, kapell, telegraf, og skule.

I Agatunet er ikkje bygningane tilflytta, men står der dei sto når Agatunet vart freda etter jordskiftet i 1937, og etterkvart mest fråflytta i etterkrigsåra.

Her finn du linjane frå mellomalderens storgard til bondelandsbyen med mange brukarar og eit yrande liv. Gardane kring tunet bebuast framleis av dei familiane som flytte ut or tunet for 70 år sida. Dei held stadig jorda i hevd. Enno sit det stundom nokon og drikk kaffi på steintrappa som vaks opp her.

Agatunet er ein heilt spesiell plass med ein heilt spesiell atmosfære – eit nasjonalt kulturminne som tek deg tett på mange ulike sider av historia vår.

Agatunet eigast av Stiftelsen Agatunet, og sidan 2006 vore drifta av Hardanger og Voss museum.

 

(foto: Ingerid Jordal)

Kontakt

Besøksadresse: 5776 Nå
Postadresse: Museumsvegen 36, 5778 Utne


Tlf: 474 79 902
E-post: agatunet@hvm.museum.no

Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Hardanger folkemuseum!
Opningstider
6.mai - 1. sept. 2019:
Kl 10 - 17 alle dagar
Ope for grupper og andre besøkande etter avtale heile året
X