Norsk English

Vøle/kalking av kjellarmur på Lagmannsstova

Lagmannsstova, Agatunet

13.08.2018 08.00 til 18.08.2018 15.00

Me har tidlegare i sommar bygga kalkomn i tunet, og brent kalk av stein henta frå nærområdet. No skal kalken nyttast, og du kan vere med!

Veke 33 fraå måndag 13. august til lørdag 18. august inviterer me alle interesserte til å komme til Agatunet og delta i arbeidet med restaurering av muren under Lagmannstova.

Arbeidet består av fuging og spekking med kalkmørtel, og deretter hvitting i fleire lag. Me har tidlegare i år bygd kalkomn og brent kalk av kalkstein me har henta i nærområdet.

Deltakarar vil lære å leske mørtel av kalk og sand til blandinga kalla hot mix og påføra dette på muren. Kursleiar er Christopher Pennock frå Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider

Deltakarar får bu i tunet såfremt me har plass. For nærare informasjon ring bygningsvernkonsulent på mobil 99296508 eller mail til post@hvm.museum.no mobil 47479884