Norsk English

Føredrag med Jørn Øyrehagen Sunde i Kinsarvik kyrkje 22.8

Kinsarvik kyrkje

22.08.2018 18.45 til 20.00

Professor i rettshistorie ved UiB og leiar for Landslovprosjektet 2014-2024 kjem til den vakre mellomalderkyrkja i Kinsarvik for å halde eit spennande føredrag: Guds fire døtre og kunsten å skilja mellom rett og galt i mellomalderen." Føredraget knyttar seg til dei flotte veggmåleria i kyrkja.

Historia om Guds fire døtre spring ut frå salme 85, der det heiter at "Godleik og sanning skal møte kvarandre, rettferd og fred kyssa kvarandre."
Me veit at denne historia hadde betydning i rettssamanheng i mellomalderen - då saka til Olaf Karl frå Eidfjord var oppe for lagmannen i Gulating i 1329, var historia om Guds fire døtre lese høgt før saka vart avgjort.
Historia har altså utspring i salme 85, og vart så utvikla i jødisk tradisjon til ei fortelling om fire søstre som mellom anna gav Gud råd då han dømte Adam og Eva. Historia om dei fire søstrene vart deretter tatt inn i ein kristen tradisjon gjennom undervisninga i St. Victor-klosteret utanfor Paris på fyrste halvdel av 1100-talet, og dei vart no omtale som Guds døtre. St. Victor-klosteret var mykje vitja av norske geistlege, og dei tok med seg denne historia attende til Noreg. Her kom jo til å pela ein heilt sentral rolle då den norske staten på 1100- og 1200-talet vart skapt. Det lengste kapitlet i den banebrytande Landslova (1274) handlar om kva rolle dei fire døtrene skal ha når det skal fellast dom i ei alvorleg sak. Den dommar som ikkje tok omsyn til rådet frå Guds døtre og heller dømte heilt etter eige hovud, måtte svara for St. Michael på den siste dag. Lagmann Sigurd Brunjulvsson til Aga, og andre dommarar, vart minna om dette når dei sto føre veggmåleriet i Kinsarvik kyrkje.
 
Me skal denne kvelden 22.8 og stå føre veggmåleriet og høyre ein av våre fremste kjennarar av rettshistoria og mellomalderrett fortella om denne interessante historia.
 
Det vert musikalsk innslag ved kantor Inger Elisabeth Aarvik, og moglegheit for kaffi og drøs i etterkant av føredraget, med Øyrehagen Sunde tilstades.
 
Tidspunkt for føredraget er tilpassa ferjetider.c
 
NB! Dei to helgane etter føredraget har de i Agatunet fremleis høve til å oppleva vandreutstillinga Miserabiles Personae - dei elendige i samfunnet. Utstillinga handlar om Magnus Lagabøtes landslov. Jørn Øyrehagen Sunde har vore fagleg ansvarleg for utstillinga, som er produsert av Norsk Barnemuseum i Stavanger, i samarbeid med Landslovprosjektet. Der vil du kunne lære meir om denne revolusjonerande lova, og korleis den bidro til å endre det norske samfunnet i mellomalderen, og dei rettsprinsippa som var lagt til grunn for den lova som meir enn noko anna gav retning til den norsk statsdanning, og la grunnlaget for den velferdsstaten me i dag kjennar. Agatunet er ope kvar dag frå 10-17 frem til 18.8, og laurdagar og sundagar 10-17 frem til 2. september.
 
Vel møtt for ei lærerik og interessant stund i historiske omgjevnader!