Norsk English

Sesongopning, utstillingar og konsert

Lagmannsstova, Agatunet

12.05.2018 15.00

Agatunet opnar dørene for sesongen laurdag 12. mai kl 15.00. Då opnar utstillingane Mette Tronvoll - portrett, og Miserabiles Personae - dei svake i samfunnet. Me byr også på to konsertar med Lajla Storli, Kim Rysstad og Stein Villa, opningstale ved fylkesmann Lars Sponheim, og utstillingsomvising med Jørn Øyrehagen Sunde. Den andre konserten startar kl 16.30.

Når Agatunet opnar for sesongen er det med to nye utstillingar. Miserabiles Personae - dei svake i samfunnet, er ei aktivitetsutstilling for born og vaksne om kong Magnus Lagabøtes landslov av 1274. Denne banebrytande lova gav rettsvern til dårlegstilte. Kunstutstillinga 2018 synar portrett av samtidsfotograf Mette Tronvoll.

Det vert og to konsert med Lajla Storli, Kim Rysstad og Stein Villa, ein kl 15 og ein kl 16.30. Mellomalderballadar er ein stor del av repertoaret til denne trioen. Her møtas tre stemmer saman med lyre, harpe, langeleik og hardingfele. Konserten byr på musikk frå tre ulike folkemusikktradisjonar, og formidlar dramatikk, kjærleik, sorg og glede.

Etter programmet vert det omvising i Miserabiles Personae med professor i rettshistorie Jørn Øyrehagen Sunde.

Tunkafeen er ope både før og etter programmet.