Norsk English

Boklansering: Klyngetunet - Den norske Landsbyen

Agatunet

14.10.2018 14.00 til 15.00

Ny praktbok av Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth!

Trudde du nordmenn alltid har budd på kvar si tue? Då må du tru om igjen. Det fantes på tusenvis av landbyliknande klyngetun i Noreg. Dette landsbylivet gjekk tapt då bygda blei modernisert i siste halvdel av 1800-talet, og bonden tok steget inn i pengesamfunnet. Gamle fellesskap vart splitta og bygdelandskapet totalt endra. Kva gjekk tapt, og kvifor vart nokre fellestun ståande att?
Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth har leita opp femti klyngetun frå Agder til Troms, og presenterer dei i boka Klyngetunet - Den norske landsbyen.
Sundag 14.10.18 samtalar dei med Guttorm Rogdaberg om klyngetuna og dette levesettet i eit av dei største og best bevarte klyngetunet me har - Agatunet.

Kom og opplev historia om klyngetunet - i klyngetunet! Dette vert ein fin ettermiddag med innblikk i ein spennande delen av vår historie!

NB! Sjølve arrangementet finn stad i Asbjørnsløa - der er det ikkje varmt midt i oktober - så kle deg godt og varmt!

Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth står mellom anna bak salssuksessen Norges låver. Arrangementet er eit samarbeid mellom Agatunet, Litteratursymposiet og Skald forlag.

http://www.litteratursymposiet.no/heim
http://skald.no/utgjevingar/klyngetunet/
http://skald.no/personar/eva_royrane/
http://skald.no/personar/oddleiv_apneseth/