Norsk English

Riddartokt Mikkelparken-Agatunet

Mikkelparken - Agatunet

02.09.2017 09:30 til 15:00

Segl med Mathilde til Agatunet og møt Riddar Sigurd, Mikkel og Mikkeline! Riddartoktet er vårt nyaste tilbod til bornefamiliar denne sommaren. Agatunet og Mikkelparken arrangerer fleire riddartokt med seglskuta Mathilde i sommar.

Når du går på båten i Kinsarvik får du vera med tilbake til riddartida. Me dreg til Agatunet der riddar Sigurd ein gong levde.

I Lagmannsstova er der ein ridderklubb for born. Her kan du testa riddarleikehesten, prøva kongestolen, kle deg ut som riddar, byggja borg og leike med andre born. Ein riddar var ryttar og krigar, men det viktigaste var riddarverdiane!
Ein riddar må vera høvisk, hjelpsom og respektfull ovanfor andre. Viss du vel å følgja riddarverdiane vert du slått til riddar av sjølvaste Riddar Sigurd.

Billettar: 
Pris kr 399,- pr person. Billetten inneheld:
Tur/retur Kinsarvik - Aga med seglskuta Mathilde
Inngang Agatunet og riddarklubben
Inngang i Mikkelparken enten før eller etter dagens tur.
Same pris for vaksen og barn.

Tider: 

Laurdag 2. sept. Avreise kl 09.30, tilbake i Kinsarvik kl 15.00 Billett og info

Laurdag 2. sept. Avreise kl 12.00, tilbake i Kinsarvik kl 17.30 Billett og info