Norsk English

Konsert: Ruth Lillegraven og Sigbjørn Apeland

Lagmannsstova, Agatunet

04.06.2017 09:00 til 12:30

Set av sundag 4. juni til ei unik oppleving med musikk og poesi i Agatunet! Møt forfattar Ruth Lillegraven og organist Sigbjørn Apeland i den gamle lagmannstova på Agatunet. Eit historisk konsertlokale og ein intimt konsert på unike Agatunet.

Billetten inkluderar omvising og konsert på det gamle klyngetunet. 

Velg mellom to konsertar - med eller utan båttransport frå Ullensvang hotell: 

1) Båt frå Hotell Ullensvang kl 09:00
Dørene opnar kl. 09:45
Konsert kl. 10:00
>>>Kjøp billettar her
Billett utan båttransport 

2) Båt frå Hotel Ullensvang kl 10:00 
Konsert kl 11:00 
Retur med båt 12:30 
>>>Kjøp billettar her
Billett utan båttransport  

Varighet 45 min. utan pause 
Inga aldersgrense  
Kafé


Om utøvarane: 

Ruth Lillegraven (f. 1978) kjem frå Granvin, og er busett i Bærum. Ho debuterte med diktsamlinga Store stygge dikt i 2005 og har sidan gitt ut ein roman, fire småbarnsbøker og fem diktsamlingar for vaksne og barn. Kva inneheld eigentleg eit såkalla vanleg menneskeliv? Kva gjer ein når livet blir heilt annleis enn ein har tenkt. Korleis påverkar generasjonane kvarandre? Og kva skjer med all denne tida som berre renn gjennom oss og blir borte? Dette er blant dei spørsmåla Lillegraven har utforska i sine tre siste diktbøker for vaksne, den Brageprisvinnande Urd (2013), Manilahallen (2014) og Sigd (2016). Tematikken står også sentralt i fjorårets barnediktbok, Eg er eg er eg er, som blei nominert både til Brageprisen og Kritikarprisen. Den vakre og sårbare naturen - og syklusane i den - gjennomsyrar også Lillegraven sine forteljande og lett tilgjengelege diktsamlingar. Ruth Lillegraven har hatt fleire samarbeid med musikarar, blant anna Soga om Seselja saman med Rannveig Djønne og Tuva Syvertsen og Sigd saman med Benedicte Maurseth. Ho seier sjølv at å samarbeide med musikarar er noko av mest inspirerande ho gjer.

Organisten Sigbjørn Apeland likar seg i grenselandet mellom folkemusikk, kyrkjemusikk og improvisasjon. Han er både kyrkjeorganist, sprek improvisator på trøorgel og ein storkjennar av norsk folkemusikk.

Sigbjoern Apeland