Hans Marumsrud er
tradisjonshandverkar med eit særleg ansvar for og erfaring frå
restaurering av stavkyrkjer. Kva verkty og teknikkar vart
brukte i mellomalderen? Marumsrud vil særleg fokusere
på spretteljing og findalslaft.
Marumsrud har fulgt tøkvøla på
Lagmannsstova tett dei siste vekene med faste
arbeidsdagar i Agatunet.
Det vert open kafe og
siderkjellar mellom kl 18.30 og 23 denne kvelden.
Førelesinga er andre i
rekkja som vert sett opp denne hausten. Siste vert 8.
oktober, då gler me oss til å høyre Jørn Øyrehagen Sunde
og føredraget; Kva skulle Sigurd Brynjulvson med
Lagmannsstova?