Tysdag 11. juni kl 19.00 skipar Agatunet venelag til konsert i
Lagmannsstova. Reidun Horvei, Ole Didrik Lerum og Laila Kolve tek
oss med til årestova i det stemningfulle programmet I ljoste
frå eld og ljore.
I LJOSET FRÅ ELD OG LJORE - den gamle årestova, bustad
gjennom 1000 år er eit program med kulturarbeidar Ole Didrik
Lærum, fylkeskvedar Reidun Horvei og fløytist Laila Kolve.
Her får me høyra korleis dagleglivet utfalda seg; kva folk
fortalde, spelte og song kring den opne elden.
Framsyninga tek omlag ein time, og høver godt både for vaksne og
born. Venelaget syter for servering.
Konserten er produsert av Hordaland fylkeskommune. Konsertane i
Agatunet vert arrangert i samarbeid med Hardanger
folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.
