Tru korleis han tek det når han vaknar opp i Agatunet, den gode
Jeppe. Terje Bleie og Guttorm Rogdaberg syner oss korleis det kan
ha gått til. Med seg på avsluttingskonserten har dei vestsidas eige
blandakor; Kor i vest under leiing av dirigent Olexandra
Golowatska, og Nå musikklag som jubilerar i år. Nå Musikklag vart
skipa i 1962 som skulemusikkkorps og feirar 50 år i 2012 som
generasjonskorps.
Korpset har 25 musikantar. Den yngste er 12 år, og den eldste 74
år. Dei spelar brassmusikk under leiinga av dirigent Mihai
Sorohan.