Kvar fredag i sommarferien fyrar Vikebygd og Aga Bygdekvinnelag
opp i omnen i bakstekjellaren i Agatunet. Alle som vil kan koma å
smaka på kakene. Den gode duften av nysteikte krotakaker sprer seg
i tunet, medan bakstekonene kjevlar, krotar og steiker.
Dei er dyktige med kjevla, bakstekonene frå bygdekvinnelaget.
Kvar fredag formiddag inntek dei bakstekjellaren med store mengdar
deig. Ein kjevlar, ein lagar høvelege emne, og ein fyrar i
baksteomnen og steiker kakene.
Krotakaker er tradisjonsrik kost i Hardanger. Kakene liknar
flatbrød, men deigen er laga av rugmjøl, vatn og gjær. Nytast turre
med smør, eller bløytte med smør og prim. Me serverar krotakarer i
kafeen.