Norsk English

Veke 18: Me brenner kalk i eigen omn!

I veke 16 mura me ein kalkomn i tunet. No er det fyr i omnen, og denne veka brenner me kalkstein 3 døger til endes. Kalken skal nyttast til restaurering av murane på Lagmannsstova.

Seint på kvelden 1. mai fyrte me opp i kalkomnen som nett vart reist i tunet, under leiing av Chris Pennock og Francois Guillot, murarar frå Nidaros Domkirkes restaureringsarbeider. No skal kalksteinen me har henta på Varaldsøy brennast. Omnen skal fyrast i 3 døger til endes.

Fyrste døgeret bringer me omnen roleg opp til 850 grader. Fukt må drivast or steinen, og går stigninga for raskt, glaseres overflata og forhindrar at varmen treng vidare inn i kalksteinen. Så skal omnen haldast på 850 grader i ytterlegare 2 døger. På så høg temperatur skjer ei kjemisk prosess, der steinen, som er kalsiumkarbonat, spaltast til kalsiumoksid - brent, uleska kalk, og flyktig karbondioksid. Kalken vert leska når den blandast med vatn, og tilsettast vidare sand for å verta kalkmørtel. Denne bindar seg med karbondioksid frå atmosfæren under tørking, og vert igjen til kalsiumkarbonat, og ikkje minst - til ein sterk og bestandig mørtel.

Me avsluttar brenninga seint fredag kveld. Så skal steinen avkjølast, før me tømmar omnen (tidlegast på ettermiddag laurdag 5.5.18). Kalken skal så lagrast tørt til restaureringa av murane i Lagmannsstova startar seinare i sommar.

De er velkomne i tunet for å bivåne brenninga!