Norsk English

Føredrag 9.6.18: Samfunnets verdige trengande - korleis Landslova av 1274 revolusjonerte det norske samfunnet.

Spennande føredrag med professor i rettshistorie og leiar av Landslovprosjektet, Jørn Øyrehagen Sunde. Han fortelje om korleis Landslova av 1274 la grunnen for velferdsstaten me kjennar i dag.

Med Landslova i 1274 fekk de svakarestilte gruppane i samfunnet rettsvern. Magnus innførde ei juridisk minimumsrett for alle, og la ei omsorgsplikt som til då hadde kvilt på ætt og kyrkje, på fellesskapet. Dette var revolusjonerande på denne tida, og har vore av stor tyding for den norske statsdanninga, og la grunnlaget for den velferdsstaten som me i moderne tid mest tek for gjeve.

Landslova gjorde eit skille mellom dei som ikkje var skuld i eigen ulukke, og dei som berre var arbeidssky og late - eit skille mellom verdige og uverdige trengande. Dei verdige trengande vart gjeve handlingsrom i høve til lova - om dei til dømes ikkje hadde mat og ikkje fekk den hjelpa dei hadde til krav på, så kunne dei ta mat utan at dette skulle vurderast som tjuveri. Dette er tanker sterkt fundert i omsorgsverdiar, og utfordrande i rettssamanheng den dag i dag. Ein kan og aktualisere problemstillinga om verdige trengande i høve til til dømes det dagsaktuelle migrasjonsspørsmålet - så det har på inga måte mista sin relevans.

Landslova stilte og krav til dei som skulle handheva lova. Ein skulle ikkje følgje lova etter bokstav, slikt gjer berre tåpar - men vere praktisk og ta omsyn til den dømdes ve og vel. Godheit, nåde, rettferd og sanning skulle vere rettesnorar - kun når desse fire verka saman kunne dommen verte god. Den som dømde måtte kunne stå til rette for Gud for dommen han ga.

Det norske samfunnet hadde vore dominert av idéen om den sterkaste si rett. Med landslova får ein altså ei ålmenn minimumsrett, og ikkje minst vert det stilt krav til dei sterke, til felleskapet og til makta. Dette skjer parallelt med at kongsmakta styrkast og sentraliserast, og nasjonsbygginga tek til for alvor. Magnus Lagabøte kan nok kallast vår aller største reformator.

På Aga levde på denne tida riddaren og Gulatingslagmannen Sigurd Brunjulvsson. Han tilhøyrde makteliten i landet, og var ein av dei som handheva Landslova i praksis. Føredraget finn sted i Sigurd si storstove - Lagmannsstova, landets eldste, kjende rettslokale. Her veit me at lova vart nytta - mellom anna gjennom mellomalderbrevet Bleiediplomet, som omhandlar ei sak som vart førd og eit forlik inngått i Lagmannsstova i 1293, og som er den eldste fullstendige skildringa av ei rettsak me har bevart.