Kroken og Moldestad starta å jobbe som duo i studietida ved
Spelemannsskulen, Ole Bull Akademiet. Dei spelar hardingfele/fele
og det er musikken frå den vestlandske tradisjon duoen har som
"rot". Sjølve seier dei om samarbeidet: - Me opplevde ein
musikalsk kjemi og ei slags musikalsk "forelsking" då vi møttest og
jobbar fortsatt svært godt saman. Gå ikkje glipp av høvet til å
høyre desse dyktige utøvarane laurdag 14. mai kl 16.00 i
Agatunet.